Gjesteinnlegg: Trenarsparking frå framtida

Det har vært dramatisk i Tromsø Idrettslag den siste tida. Vår venn Morten Myksvoll har skrevet sin oppfatning av saken. Morten er Newcastle- og Brannfan, men utrolig nok ganske hyggelig likevel. Følg ham på Twitter, og les om en trenersparking fra framtida:

Det umulige er mulig, seier dei. Det var sikkert det Steinar Nilsen tenkte då han vart sparka av feil styre. Dette er eit utslag av ein mildt sagt diskutabel organisasjonsform i norsk fotball, og skandalen i Tromsø bør utløyse ein større debatt om denne i Noreg.

Tidlegare i år deltok eg på to godt omtalte årsmøter i Brann. Det andre vart avholdt fordi styreleiaren ikkje fekk med seg «rett styre» på det første, og trakk seg få minutt etter at han hadde blitt valgt. Kjell Tennfjord skreiv seg inn i den meir tragikomiske delen av Sportsklubben Brann si historie. Lenge tenkte eg at dette må ha vore årets klubbskandale i norsk fotball, men neida. Tromsø Idrettslag og TIL Holding AS meldte seg: Steinar Nilsen vart sparka av feil styre.

La den setninga synke inn. Aksjeselskapet, som ikkje skal ta slike beslutningar, valgte å sparke hovudtrenaren til idrettslaget. Rolleforståinga i den kompliserte organisasjonsmodellen måtte jo få eit slikt utslag. Sparka av feil styre.

Dette er interessant, for NFF ønskjer å gjere ganske store endringar i norsk fotball. Den nye modellen dei forsøker å presse gjennom inneber at aksjeselskapet overtar ansvaret for elitesatsinga til klubben, medan bredden vert ivaretatt av den demokratiske forvaltninga til idrettsklubben. Premisset her er at Tromsø Idrettslag er amatørane, medan TIL Holding AS er dei profesjonelle. Du må ha ein dobbeltrolle som involverer NFF for å tru på det.

Det er ingen tvil om at investorar er med på å få verda til å gå rundt, men norsk fotball har eit solid demokratisk fundament som fotballforbundet ikkje må få rote til. At investorar sit med skjebnen direkte i sine hender, og ikkje i det medlemsvalgte styret, vil vere eit feilsteg for norsk fotball. Det vil auke avstanden mellom bredde og topp, og det vil gjere den investorstyrte sparkinga i Tromsø til normalen, framfor å vere ein oppsiktsvekkande tabbe.

Investorar kan godt ha ei rolle som bidragsytarar, men dei må vere underlagt det medlemsdemokratiet som idretten i dag er tufta på.

Tilbake til Brann. Latterleggjeringa av klubben var nær endelaus i vår, då Kjell Tennfjord kom, krevde og stakk. Han stilte eit ultimatum til klubben sine medlemmer, som tar sitt utbytte i emosjonell valør. Han fekk ikkje viljen sin, og tok konsekvensen av det. Medlemsdemokratiet lot seg ikkje diktere. Det er ikkje kaos, men ein kamp mellom ulike demokratiske sinnelag. Det er sunt for fotballen. Dobbeltsparkinga i Tromsø er langt frå det same. Det er eit teikn på kva som kan vere den nye normalen for trenarsparking – viss NFF vinn gjennom. Det er djupt tragisk.

Morten Myksvoll
Medlem i Sportsklubben Brann

Advertisements

1 Comment

Filed under Uncategorized

One response to “Gjesteinnlegg: Trenarsparking frå framtida

  1. Innlegget et skriven før det famøse oppslaget om at FK Haugesund (sitt AS sjølvsagt) kjøper fleire lokalmedier for å “få fleire bein å stå på.” AS-modellen, altså. NFF må vere stolte.

    http://www.vest24.no/nyheter/okonomi-og-naringsliv/haugesund/fotballklubb-kjoper-tv-stasjon-og-aviser/s/5-82-25184

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s